Jobbland
Ullensvang kommune Rabben barnehage

60% stilling som assisterande styrar og 40% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage

OmrådeOdda
Publisert21.8.2024
Søk senest8.9.2024

Om stillingen

60% stilling som assisterande styrar og 40% stilling som pedagogisk leiar i Rabben barnehage

Stillinga er ledig frå 1. november 2024 

Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår!  Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår. 

Me ynskjer oss ein assisterande styrar og barnehagelærar som er engasjert på vegne av barna. Du likar å samarbeide med andre, har evne til å skape gode relasjoner, jobbe systematisk, sjølvstendig og ta ansvar. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg faglig. I tillegg er du digitalt kompetent og oppdatert og ynskjer å bidra og vere ein pådrivar til eit godt arbeidmiljø.

Arbeidsoppgåver: 

Som assisterende styrar har du ansvar for 

  • Medhjelpar for leiar i merkantile oppgaver

  • Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet i barnehagen i samsvar med gjeldande lovverk

  • væra ein pådrivar til eit godt arbeidsmiljø 

  • Å leggja til rette for eit godt personalsamarbeid.

  • Å vurdera barnehagen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.

  • Væra ein pådrivar i organisering, registrering av fråvær og skaffe vikarer.

  • Ha gode data kunnskaper, som å arbeida i Google systemer og Visma 

Kvalifikasjonar

  • Utdanning: Barnehagelærerutdanning, andre søkjarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.

  • Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk

  • Digitale kunnskaper

  • Personlege eigenskapar- og interesse for arbeidet vert sterkt vektlagt.

  • Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Løn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtale for pedagogisk leiar stillingen: 

    • etter 1 år som barnehagelærar får ein utbetalt kr 30.000,-

    • etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema:Søk her

Ullensvang kommune Rabben barnehage

BedriftUllensvang kommune Rabben barnehage
Om bedriften- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Søk etter flere lignende stillinger