80 % vikariat som helsesekretær / bioingeniør, 2. gongs utlysning
Om stillingen
Vi er eit veldrive kommunalt helsesenter med 6 fastlegar og 2 LIS1 stillingar. Helsestasjon og fysio/ergoterapi er tilknytt avdelinga, det same gjeld psykisk helse og rus. Vi har både helsesekretærar og sjukepleiarar tilsett ved legekontoret, og vi er ei avdeling med sterkt fokus på tverrfaglegheit.
Hva vi ser etter
DU er
Autorisert helsesekretær eller bioingeniør eller har anna relevant helsefagleg utdanning på minimum bachelornivå.
Har erfaring frå legekontor eller laboratoriarbeid
Er ein god lagspelar og positiv til tverrfagleg samarbeid
Har interesse for fagutvikling
Arbeidsoppgaver
Vi søker etter ein helsesekretær eller ein bioingeniør i 80 % vikariat med mogleghet for fast tilsetjing etter eit år.
Arbeidsoppgåvene vil vere mottak av pasientar, assistering av lege, laboratoriearbeid og administrative oppgåver tilknytt kontoret.
Det trengs også tilkallingsvikar i avdelinga. Dersom det skulle vere aktuelt, skriv dette i søknaden.
Oppstart etter avtale
Vi tilbyr
Løn etter Hovudtariffavtala
Pensjon via KLP
IA-bedrift
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
Spennande arbeidsoppgåver med fokus på samhandling, teamarbeid, fag og utvikling
For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar Helseavdelinga Eldbjørg Haugan på telefon 90968018 eller e-postadresse eldbjorg.haugan@seljord.kommune.no
Vi oppmodar spesielt søkarar som er i undertal i kjøn, kultur, religion om å søke.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Søkaren må registrere relevant erfaring og utdanning inn i søknadsskjemaet.
Søk via elektronisk søknadsskjema
Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste
Seljord kommune ligg sentralt i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, bibliotek og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Montør, Lumon Norge AS
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 12.3.2025Cabin Crew
Supply Chain Specialist
Vestby - Epiroc - Publisert 13.3.2025