Jobbland
Sunnfjord kommune Helse- og sosial

Bu- og avlastningstenesta søker etter

OmrådeSunnfjord
Publisert17.12.2024
Søk senest4.1.2025

Om stillingen

Sunnfjord kommune søkjer no etter einingsleiar for ein tverrfagleg samansett stab ved Bu- og avlastningstenesta, som består av vernepleiarar, sjukepleiarar, barnehagelærarar, helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar m.m. 

Sunnfjord kommune ligg midt i  mellom Bergen og Ålesund. Kommunen har ca. 22 400 innbyggarar, og vart ein kommune i 2020 etter samanslåing av 4 kommunar. Sunnfjord kommune har nyleg vedteke førebyggande plan for barn og unge, der kommunen har vedteke felles samhandlingsmodell for tenestene til  barn og unge i Sunnfjord kommune.

Bu- avlastningstenesta i Sunnfjord kommune fekk nytt bygg i 2021, der det er plass til 7 barn til overnatting, og 4 førsteheimsbustader for unge vaksne. For tida er det om lag 30 barn som er innom tenesta i løpet av ein månad. 

Eininga yt tenester til familiar med barn med omfattande hjelpebehov. Nokre overnattar andre ikkje. Dei yngste barna har heimebasert avlastning. Eininga samarbeider tett med barnehagar og skular, og nokre av barna er på avlastninga på dagtid.

Eininga har varierande oppdrag, og no i dag har vi om lag 20 årsverk fordelt på heile døgeret.

Einingsleiar har ansvar for den totale drifta av Bu- og avlastningstenesta. Dette inneber blant anna ansvar for personal, økonomi og fag.

Vi søker no etter:

  •  einingsleiar i 100 % fast stilling, ledig i frå snarast

Kvalifikasjonar:

  • 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
  • erfaring frå liknande fagfelt
  • leiarerfaring
  • god IKT- kompetanse
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • godkjent politiattest

Ønskeleg med:

  • vidareutdanning innan helse- og sosialadministrasjon, evt. anna relevant leiarutdanning
  • erfaring innan økonomi og budsjettansvar
  • erfaring frå samhandlingsarbeid

Vi søker deg som:

  • er utviklingsorientert, initiativrik
  • er engasjert i fagfeltet og har evne til å motivere
  • har gode samarbeidsevner og kan jobbe tverrfagleg og tverrsektorielt
  • er ein tydeleg leiar med gjennomføringsevne
  • har evne til å skape eit godt arbeidsmiljø
  • er lagspelar med fagleg autoritet innanfor ansvarsområdet

Du søker elektronisk.

Velkommen som søkar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Sunnfjord kommune Helse- og sosial

BedriftSunnfjord kommune Helse- og sosial
Om bedriftenSunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger