Har du lyst til å levere gode tenester saman med trivelege kollegaer?
Om stillingen
Personal- og organisasjon har ledig eit 60 % vikariat som konsulent frå 1. oktober eller etter avtale, og eit år fram i tid. Vi ser etter deg som kan jobbe tre dagar i veka, fortrinnsvis måndag, tysdag og fredag.
Eit år hos oss vil gje deg eit godt innblikk i korleis ein kommune fungerer frå innsida og mange gode erfaringar. Du får ein variert kvardag i lag med gode kollegaer. Vi har introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ og svært gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga. Vi høyrer gjerne i frå deg.
Viktigaste arbeidsoppgåver
- Yte service overfor innbyggarar på sentralbord og i publikumsmottak
- Arbeid knytt til arkiv, post og journalføring
- Oppgåver under gjennomføring av stortingsval neste haust
- Andre administrative oppgåver for organisasjonen
Vi ser etter deg som:
- likar å yte service og har godt humør
- har gode kommunikasjonsevner
- er lærevillig og arbeider strukturert og målretta
- har fokus på forbetring og effektivisering
- er ansvarsfull og til å stole på
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga
Kvalifikasjonar:
- Ønskeleg med fagbrev i service- og administrasjonsfaget eller liknande
- Anna relevant utdanning og/ eller erfaring kan kompensere for fagbrev
- Søkjarar må ha fylt 18 år
- God digital kompetanse
- Gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg.
Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema:Søk her
Fjaler kommune Personal og organisasjon
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Account manager
Oslo - Härjedals Kök - Publisert 27.12.2024Vaskehjelp til deltidsstilling Foldøy i Ryfylke
Suldal - Advokat Ferdinand A. Zimmermann - Publisert 19.1.2025Tannhelsesekretær / Mortensrud
Oslo - Abelsen Per Tannlege - Publisert 19.1.2025Varebilsjåfør klasse B søkes til en stilling i Bergen
Bergen - Vestland Logistikk AS - Publisert 19.1.2025Bli med på en kulinarisk vekstreise som økonomiansvarlig hos Bakerovner.no!
Arendal - Bakerovner.no AS - Publisert 19.1.2025