Om stillingen
Om stillinga
Vil du vere med å forme framtida i ein spanande kommune? No har du moglegheit til å innta ein nøkkelrolle som skal understøtta vår viktigaste oppgåve som er å levera gode tenester og service til våre innbyggjarar.
I den samanheng søkjer vi etter ein marknadsrådgjevar som skal ha eit tett samarbeid med næringslivet og arbeide tett med dei tilsette på Nav kontoret.
Arbeidsoppgåver
- Etablera langsiktige relasjonar og tettare samarbeid mot næringslivet
- Kartlegge moglegheiter og behov for ressursar, i næringslivet
- Søke etter aktuelle kandidatar frå Nav database, til aktuelle moglegheiter og stillingar
- Informere, rettleie og støtte arbeidsgivarar ved prosessar der Nav brukarar er involvert
- Oppfølging av arbeidsgivarar før, under og etter tilsetting/inntak av Nav brukarar
- Informera og rettleia arbeidsgivarar og potensielle arbeidsgivarar, om kva tiltak Nav kan bistå med ved inkludering av Nav brukarar
- Bistå arbeidsgivarar med å registrera stillingsannonsar på arbeidsplassen.no
- Oppfølging av arbeidsgivarar i forhold til presenterte kandidatar
- Hjelpe arbeidsgivar med oppfølging av kandidatar under tilsettingsprosessen, ved behov
- Samarbeide og kommunisera med ulike brukarrettleiarar, vaksenopplæringa og andre tredjepartar i sakene der det er naturleg
- Bistå i større prosjekt inn mot arbeidsgivar ? rekrutteringseventar o.l.
- Delta i marknadsteam og marknadsmøter
- Bidra til utvikling av Nav sitt marknadsarbeid i regionen
Vi tilbyr
- God rettleiing og tett oppfølging
- Eit høgt fagleg nivå med fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn etter gjeldande avtaleverk
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Dynamisk miljø med gode kollegaer
Kvalifikasjonskrav
- Minimum 3 -årig relevant utdanning, helst master, innanfor marknadsarbeid eller tilsvarande relevante fag.
- Lang erfaring med marknadsarbeid og nettverksbygging til næringslivet.
- Høgare utdanning innan leiing eller tilsvarande fag, som bidreg til ei god forståing av forretningsverksemd og for lønnsomhet i organisasjonar ved tilsettingar
- Formell kompetanse innan metodar for behovsavklaring og kartlegging av moglegheiter i næringslivet
- Lang erfaring med rekrutteringsarbeid er ein fordel
- Inngåande kjennskap til arbeidsgivartiltak frå Nav
- Formell kompetanse som rettleiar
- Erfaring frå Nav er er ein fordel
- Førerkort klasse B
Kven er du?
- Initiativtakande, engasjert og sjølvgåande
- Oppteken av resultat
- Samarbeids- og løsningsorientert
- Systematisk og strukturert
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Osterøy Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Distriktsselger, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 21.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025