Om stillingen
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% vikariat som sjukepleiar ved sone Byrknes, Brekke og Dalsøyra (Sone BBD) frå snarast/etter avtale til ut mai 2025. Arbeid kvar 3. helg. Stillinga er for tida knytt til avdeling Byrknes.
Sone BBD har ansvar for heimetenestene i områda Brekke, Byrknes og Dalsøyra. I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane.
Me tilbyr
- Løn over tariff for arbeid turnus
- Ekstra helgekompensasjon
- Godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar og oppgåver
- Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane
- Samarbeid med andre faggrupper, 2. linjeteneste m.fl.
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
- Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø og har fokus på kvalitet og faglig utvikling
- Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Gulen Kommune
BedriftGulen Kommune
Vis flere jobber for denne bedriftenSøk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025