Spesialist i allmennmedisin
Om stillingen
VI TRENG DIN KOMPETANSE SOM FASTLEGE
Vi søkjer deg som ønsker å vere med på laget ved legesenteret i Sykkylven kommune.
Du får moglegheit til å velje mellom næringsdrift eller kommunal tilsetting.
Listelengden kan diskuteres etter legens behov og kapasitet.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som spesialist i allmennmedisin. Stillinga er ledig frå 01.09.2025
Sykkylven legesenter er kommunalt drive, og har 9 legehjemler og erfarent hjelpepersonell. Legevakt interkommunalt med Stranda kommune omfattar 3 faste tilsette legevaktslegar og sjukepleiarar ved legevakt på kveld og helg.
Legesenteret er sentrumsnært og held til i leigde lokale samlokalisert med fleire andre fagfelta og ligg like ved Omsorgssenteret og Heimetenestene. Legesenteret skal inn i nye og framtidsretta lokale ut året 2025. Det er nettopp utarbeidd ein ny plan for Legetenestene 2023-2030, og vi utviklar oss og legg vekt på å vere framtidsretta der vi arbeider meir i team.
Ta deg gjerne tid til å kontakte oss så kan du høyre litt meir om kva for moglegheit du som fastlege i Sykkylven har, og kvifor vi ønsker å ha deg med på laget.
Arbeidsoppgåver
- Generelle allmennmedisinske oppgåver, slik det følger lov, forskrift og avtaleverk
- Det kan vere aktuelt med offentleg allmennmedisinsk legearbeid med moglegheit for inntil 7,5 timar per veke
- Tverrfagleg samarbeid mellom dei kommunale einingane
- Moglegheit for arbeid i helsestasjon
- Deltaking i legevaktsordning. Det er lav vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Oppgaver knyttet til veiledning, supervisjon og undervisning for ALIS
Kvalifikasjonar
- Har norsk autorisasjon som lege
- Spesialist i allmennmedisin ferdig eller påbegynt.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg og har god framstillingsevne (Oppnådd B2 nivå)
Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
- Du har genuin interesse for mennesket og dets helse- og livssituasjon
- Du har evne til utvikling og nytenking
- Løsningsorientert og endringsvillig
- Du er fleksibel
- Personlig egnaheit vektleggas
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø, engasjerte kollegaer
- God kollegial støtte og samarbeid
- Sterk fagleg hjelpepersonell
- Kollegiale møter kvar veke med fagleg innhald og kvalitetsarbeid
- Valfri bruk av e-konsultasjonar i ditt arbeid
- Sykkylven kommune er registrert utdanningsverksemd
- Næringsdrift med 0-avtale og inntening frå første dag
- Låg vaktbelastning med arbeid kvar 10. helg
- Økonomisk kompensasjon for inntil 10 dagar pr år om du er sjuk eller heime med sjukt barn
- Lønn etter avtale
- Beste natur, fjell og lokale aktivitetar
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Gulay Kar, Einingsleiar Sykkylven legesenter og heimetenester, +47 47728672Arbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4927634489
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 30.04.2025
Sykkylven Legesenter, Sykkylven kommune
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylvenher
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Arbeidsleder, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 28.3.2025TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Distriktsselger, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 21.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025