Sentrum tannhelseområde - Øygarden tannklinikk

Tannhelsesekretær - 2 faste stillingar

OmrådeØygarden
Publisert5.2.2025
Søk senest20.2.2025

Om stillingen

Vi har ledig 2 heile,faste stillingar som tannhelsesekretær ved Øygarden tannklinikk.  Den eine stilinga er ledig frå 01.05.2025,  den andre stillinga er ledig frå 01.08.2025.

Klinikken er lokalisert ved Øygarden lokalmedisinske senter på Straume, rett i nærleiken av Sartor storsenter, 15 min fra Bergen sentrum. Klinikken er nesten ny og har flotte lokalar med 13 behandlingsrom og eit godt arbeidsmiljø med hyggjelege kolleger; 9 tannlegar, 4 tannpleiare og 11 tannhelsesekretærar. Ved Øygarden tannklinikk gjer vi alle typer pasientbehandlingar.


Arbeidsoppgåver

Klinisk assistanse ved tannbehandling
Røntgentaking
Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
Bidra i arbeidet med å innfri tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag og nå målsetnadane til Vestland tannhelseteneste
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Andre oppgåver kan leggast til stillinga

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Det er ønskjeleg med tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste
Det er ønskjeleg med erfaring i bruk av Opusvalifikasjoner

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar
Vi søkjer deg som;
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Meistrar travle dagar og likar at dagen kjem med utfordringar
- Kan jobbe sjølvstendig, men som både deler og tek imot råd og innspill fra kollegaene dine. Vi hjelper kvarandre
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevnar
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på utvikling.
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar.
- Ønskjer å være med og utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
Løn etter gjeldande tariff
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.  Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2.ledd, kan opplysningar som søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.  Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Ellen Holmemo, klinikkleiar            , 92068765
Mette Vibeke Skønberg Vallentinsen, områdeleiar tannhelse, 92887298

Arbeidsstad

Blombakkane 77
5353 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4917018848
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2025
Søknadsfrist: 21.02.2025

Sentrum tannhelseområde - Øygarden tannklinikk

BedriftSentrum tannhelseområde - Øygarden tannklinikk
Om bedriftenTannhelsetenesta i Vestland fylkeskommune gir tannhelsetenester til alle under 24 år. Vi behandlar og personar med utviklingshemming, mottakarar av heimesjukepleie, personar på sjukeheimar og rusavhengige. Vi har ein unik kompetanse som òg kjem vaksne betalande pasientar til gode. Ved Tannhelsetenesta kompetansesenter – TkVestland, tilbyr vi spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland. Tilsette i tannhelsetenesta i Vestland gir og eit tilpassa tannhelsetilbod til torturofre, overgrepsofre og til personar som har sterk angst for tannbehandling (odontofobi).

Søk etter flere lignende stillinger