SOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstilling programfag sal, service og reiseliv

OmrådeSogndal
Publisert31.3.2025
Søk senest21.4.2025

Om stillingen

Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. Skulen har for tida 41 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no

Trivst du med å arbeide med ungdom? Vi har ledig fast 50 prosent stilling i programfaga på sal, service og reiseliv. 


Arbeidsoppgåver

Vi har ledig fast 50 prosent stilling i programfaga på vg1 sal, service og reiseliv og vg2 sal og reiseliv.

Kvalifikasjonar


- Relevant fagbrev
- Relevant fagkompetanse, minimum 60 studiepoeng i faga
- Bestått praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
- Undervisningserfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg
- Det er ein fordel med undervisningskompetanse i fleire fag
- God kunnskap om bruk av digitale verktøy og ha god ikt-forståing
- God kjennskap til bruk av digitale læremiddel


Søkjarar utan formell undervisningskompetanse kan tilsetjast på villkår om å fullføre slik utdanning innan 3 år.

Personlege eigenskapar

- Positiv og like å jobbe med ungdom
- Strukturert samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø
- Sjølvstendig samtidig som du er god på relasjonar og samarbeid
- Utviklings- og løysningsorientert
- Romsleg, raus og fleksibel

Vi tilbyr

- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
- Nært samarbeid med kollegaer.
- Ordna løns- og arbeidsforhold. - Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår.

Kontaktinformasjon

Ann Kristin Sperle, avdelingsleiar, 99393873
Jorunn Felde, rektor                        , 95191964

Arbeidsstad

Lunnamyri 2
6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4947236544
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 22.04.2025

SOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune

BedriftSOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune
Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Søk etter flere lignende stillinger